Are Kalvø – Berre bønder lengtar heim

Om

Are Kalvø har vore komikar i ganske mange år. Han har levd i endå fleire år. Og i alle dese åra er det ein konflikt som alltid vender tilbake: By mot land.
Slike konfliktar har skapt dårlig stemning så lenge Kalvø har levd, på ulike måtar, både i Norge og i andre land: Sentrum mot utkant. Elite mot folk.
Tida er inne for å legge desse konfliktane bak oss og heller bruke tida vår på å løyse dei store problema i verden.
Tida er inne for å bygge bru mellom by og land. Og bli ferdig med dette, ein gong for alle.

Og kven er vel ein meir naturlig brubyggar enn nettopp Are Kalvø? Han har eitt bein i kvar leir. Han vaks opp på bygda, han bur i by. Han er ein storbyelskar som skriv nynorsk og snakkar dialekt. Han kan forstå og snakke med begge sider. Kanskje til og med like begge sider. 
For å verkelig sette seg inn i kva slike konfliktar handlar om, har Kalvø budd i ein månad i Europas største by London, ein bråkete, forvirrande, sjølvfornøgd og altfor stor metropol i elitetenkingas heimland, og ein månad i Norges minste kommune Utsira, ei øy utan fastlandsforbindelse, med to hundre innbyggarar på ein god dag, og stort sett stiv kuling.
Han har levd med veganarar med sykkelhjelm og fiskarar med termodress, han har snakka om motor og moderne dans, han har mista ferjer og håp. Men han har klart seg. Og han har gjort det for oss.
No er han tilbake for å fortelje. Og bygge bru. Og viss ikkje det går, for å slå fast ein gong for alle: Kvaerbest, by eller land?
Are Kalvø har skrive og framført humor og satire på mange ulike måtar i mange år. Han har turnert kulturhus-Norge før, og liker det svært godt, med sine tre soloforestillingar«Kalvø- ein time av livet du aldri får tilbake» (Komiprisen 2015),«Toppar VG-lista»og«Hyttebok frå helvete», basert på boka med same namn, som toppa bestseljarlistene i Norge i tretti veker og er omsett til tolv språk. Han har også skrive fleire andre storseljande humorbøker, som«Syden»,«Harry»og«Bibelen 2».
Are Kalvø gleder seg hemningslaust til endelig å legge ut på ein turné med stoff som faktisk handlar om absolutt alle plassane han er innom på turneen.

Kart

Are Kalvø – Berre bønder lengtar heim

TypeTeater

Bergmannsgata 23, 7374, Røros

Åpningstider

Falkbergetsalen 314 (2 Okt 2025)
DagTider
Torsdag19:00 - 20:30

Også i nærheten

  1. Regionalt kulturhus med stor aktivitet. Fast Riksteaterscene og et bredt utvalg av lokale…

    0 miles unna
  2. Elden er et musikkteater på Røros- midt i verdensarven. Historien tar utgangspunkt i…

    0.26 miles unna
  3. Direktør Peder Hiort døde som en rik mann. Han hadde ingen direkte arvinger. I sitt…

    0.28 miles unna
  1. «Bergstadens Ziir» – best kjent som Røros kirke, ble bygd i kobberverkets glanstid «til…

    0.29 miles unna
  2. Den fargerike og sjarmerende lille trehusstaden ble grunnlagt i 1646, og er siden formet…

    0.33 miles unna
  3. Hyttklokka er plassert øverst i Mørkstugata i tilknytning til Malmplassen. Hyttklokka ble…

    0.35 miles unna
  4. Da Røros Kobberverk bygde den første smeltehytta i 1646 la de til rette for at folk kunne…

    0.39 miles unna
  5. Museumsbygget Smelthytta er bygd over ruinene av smeltehytta som brant ned i 1975. Her…

    0.4 miles unna
  6. Dette er en bydel på andre siden av Hitterelva ift til de to hovedgatene. Her finner du…

    0.42 miles unna
  7. Sleggveien forteller om en viktig del av Røroshistorien. Her bodde blant annet reisende,…

    0.42 miles unna
  8. 8. januar 1886 kom avisa Fjeld-Ljom med sitt første nummer. Avisa holdt til i huset ved…

    0.44 miles unna
  9. Slegg er et avfallsprodukt etter kobbersmeltingen. Slegghaugan ligger som store fjell og…

    0.5 miles unna
  10. Like nord for Røros sentrum finner du et stort flyvesandsområde. Dette er slutten på en…

    0.65 miles unna
  11. Ved Hitterdalsvassdraget finnes det tre forskjellige dammer. Her har vi dammen i…

    0.69 miles unna
  12. Like nord for Røros sentrum finner du et område med ørkenpreg. Dette er slutten på en…

    0.7 miles unna
  13. Røros Kobberverks mest betydelige gruveområde. På øvre Storwartz ble den første malmen…

    5.69 miles unna
Previous Next

Kontaktinformasjon

Peder Hiorts gate 2

7374 Røros

Telefon: +47 72 41 0000

Email: post@rorosinfo.com

Org.nr. 930 710 652

Røros Turistkontor (+ sommertider)

Mandag - Fredag: 10.00 - 16.00 (10.00 - 17.00)

Lørdag: 10.00 - 14.30 (10.00 - 16.00)

Søndag: Stengt (10.00 - 16.00)