Om
JULEKONSERT med Daniel Kvammen.
Kombiner en stemningsfull julekonsert med julemiddag. Du kan velge mellom juletallerken eller pinnkjøttallerken + dessert.
Les vår hilsen fra sjølvaste....
Endeleg skal eg på juleturne igjen <3 Me gjentar fjorårets braksuksess og arrangerer julekonsert frå bygd til bygd. Me skal heilt dit ingen kunne tru, at nokon kunne bu, for å lage jul. Håper me sjåast ♡
For meg er jula ei snøkvit bygd lengst oppe i ein dal, i vik, i enden av ein fjord. Jula ligg å ventar i ein avsides krok. Heilt innerst inne, når du følger ein vindskeiv veg, der snøen ligg som ei lysande teppe og speiler stjernelyset frå himmelen. Der i enden av vegen, der finns jula. Det er ein plass som heiter heime. Hos familie og venner. Snille og gode, merkelige og rare. Jula er ei stue, eit bygdehus, eit varmt rom der kjærleiken er rein og varm.
Når eg først skal spele opp til jul så skal eg då virkelig gjøre det på bygda. Dette blir eit eventyr eg gler meg heilt utrulig til. Me skal vekke gamle grendehus, og me skal reise til alle dei flotte små stadene me har i dette landet. Og ikke minst skal me kjenne på sjølve julefreden og gleden. Og aller viktigst, me skal feire det finaste me har: Kverandre ♡
Håpar å sjå dykk der:)
Kjærleik frå Daniel