Karl Seglem, Håkon Høgemo & Erlend Viken

Om

Håkon Høgemo & Erlend Viken "AORDAL"(LP)
Håkon Høgemo, hardingfele
Erlend Viken, hardingfele og oktavfele
To av våre fremste hardingfelespelemenn lanserer LP´en "Aordal". Heftige, energiske og dansbare slåttar i meisterleg duo-spel. Og nybrotsarbeid når det gjeld arrangering for to feler. Dette er nyskapande tradisjonsmusikk med sterke røter, framført av to av dei beste hardingfele-musikarane vi har. Rytmisk og klangfullt -

«Melodisk hev sogneslåtten eit eige lag til å tumla seg gjennom store intervall, og sluttkadensen kjem ofte noko brått og uventa. Det lydiske draget er særs sterkt i desse slåttane». Dette er eit sitat frå Arne Bjørndal som omtalar slåttematerialet frå indre Sogn. Og det er nettopp desse enkle, rytmisk sterke og kraftfulle slåttane etter søskenparet Sigurd og Johanna Eldegard duoen Høgemo & Viken har fordjupa seg i.

Håkon Høgemo kjem frå Årdal i Sogn og er djupt planta i hardingfeletradisjonen derfrå, medan Erlend Viken har feletradisjonen frå Oppdal i Trøndelag som sitt musikalske heimland. Dei møttest første gongen som læremeister og elev, då Håkon underviste Erlend i hardingfele ved NMH i Oslo. Erlend fekk raskt augo opp for Håkon sitt spel, slåttane frå Årdal, og ikkje minst slåttane etter Eldegard-slekta.

Som oppvarming
Tenorsaxofonisten Karl Seglem har arbeidd med hardingfeleslåttar frå indre Sogn det meste av sitt aktive kunstnarliv. No har han spelt inn eit solo-album med dei fleste av desse slåttane. Parallelt gjev han ut ei notebok der slåttane er notert for blåseinstrument (B). Det er å sjå på som pionér-arbeid at hardingfeleslåttar blir spelt på og arrangert for eit blåseinstrument. Musikken vil såleis kunna bli tilgjengeleg og kunne spelast av langt fleire. Materialet kan også sjåast på som ei gullgruve for arrangørar i ulike sjangrar, til å forma noko nytt bygd på den unike norske hardingfelemusikken. Karl Seglem presenterer eit utdrag av slåttane som oppvarming til spelemennene Håkon Høgemo og Erlend Viken. Snekkarlemmen Tolga 21.8.2026.

Kart

Karl Seglem, Håkon Høgemo & Erlend Viken

Type:Andre arrangement

Tolga, 2540

Åpningstider

Snekkarlemmen Kulturlåve (21 Aug 2026)
DagTider
Fredag20:00 - 21:30