Om
Hareid kammerkor, konsert i Røros kirke laurdag 6. juni kl 18
Laurdag 6. juni kl 18, vil Hareid kammerkor ha konsert i Røros kirke. Koret kjem med eit program som presenterer tonar med komponistar frå Benny Andersson og Bobby McFerrin, via Henning Sommero, Johan Kvandal og dirigenten i koret, Øyvind Granden Berg, til Schubert, Bruckner og Scarlatti. Tekstane spenner frå «Vilar glad. I din famn» skriven av Kristina Lugn i 2010, til 23. salmen pg 121 salmen, henta frå Salmane i Det gamle testamentet. Eit par negro spirituals har koret også med. Det blir altså ein konsert med tonar og tekst frå mange tidsepokar og sjangerar, og med tekstar på norsk, svensk, engelsk og latin, eit variert og spennande program.
Hareid kammerkor feira 50 år i 2025. Koret kjem med 29 songarar. Fleire av songarane har vore med i 50 år, og dei fleste i koret er no pensjonistar. Det er framleis eit godt kor frå korbygda Hareid, der firstemmig song har vore vanleg sidan 1860. Programmet ber preg av at koret likar best å synge a cappella, dvs utan tonefølgje frå piano eller andre instrument. Saman med øving på intonasjon og songteknikk, har nok det vore med på å skape god klang i koret.
Dirigent er Øyvind Granden Berg. Han vil og spele fløyte på konserten.
Billett: kr 200 ved inngangen.
Pris fra
| Billettype | Billettavgift |
|---|---|
| Voksen | NOK 200,00 billetter |
Med forbehold om prisendringer.

