Om
Kven var Kjerstina Øverland? Det er spørsmålet fire nord-østerdøler driv på med i desse dagane!Folkemusiker Sigrid Stubsveen frå Engerdal saumfær musikkarkiva på jakt etter melodiar knytta til Kjerstina og tida ho levde i; tolging og eigar/drivar av Ivaregga Rønnaug Storrusten les side opp og side ned i kyrkjebøker og folketeljingsprotokollar for å kartlegge livet til Kjerstina; og vingelsing Kjell Gransletten og skapvingelsing Rolf Norsen syr det heile saman på same vis som da dei skapte suksess musikalen «Marius!». Resultatet av innsatsen kjem 28. mars, da det blir premiere på «Toner frå Søljåsen: En kveld med Kjerstina Øverland 1877-1967» på Ivaregga. Men, kven var Kjerstina Øverland? Født på Kirkbakk i Tolga, ho var frå sine yngste dagar godt kjent i sætertraktene i Tolga. Ho lærte å spela fele av faren og broren, gitar og mandolin frå systera. Ho lokka og song viser og fylte omgjevnadene med musikk. Ho vart tidleg enke, for så å halde ut som hushalderske for den fargerike Per O. Eggen («Ivarbruken») i femti år,ho var mor til Bjarne Øverland som spelte i Tolga-Tusseladdene,og ho var den Egil Storbekken gjekk til når det gjaldt sang og lokk på stevner og radioprogram han dreiv på med. Forestillinga, der Sigrid i einsam majestet herjer med fela si i over ein time (avbroti nå og da med litt setermat og ein smak på kransekaka for alle som blir med på bruremarsjen) -finn stad i fjøset på Ivaregga, der Kjerstina i si tid skofta fjøsstellet heile tre gonger på femti år, men som for lengst har vorti gjort om til eit kjempekoseleg selskapslokale av Rønnaug Storrusten, og som nå har vorti intimteater. Men pass på! Intimt er nøkkelord! Når publikum nummer 45 har funne plassen sin, da er det ikkje plass til fleire! Så ikkje ta nokon sjanse! Finn ein kveld og bli med Sigrid og Kjerstina attende i tid på Ivaregga! Parkering på Hamran. Bestill billett på Vipps # 821598 innan 26. mars for begge kveldane. Og takk til Kulturrådet og Innlandet fylke som har gjort dette mogleg!
Pris fra
| Billettype | Billettavgift |
|---|---|
| Voksen | NOK 380,00 billetter |
| Barn | NOK 280,00 billetter |
Med forbehold om prisendringer.



